Научная статья на тему 'Språk i Guovdageaidnu'

Språk i Guovdageaidnu Текст научной статьи по специальности «Языкознание и литературоведение»

CC BY
89
20
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.
iНе можете найти то, что вам нужно? Попробуйте сервис подбора литературы.
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.

Текст научной работы на тему «Språk i Guovdageaidnu»

Nils Dannemark 1

SPRÄK I GUOVDAGEAIDNU

Guovdageaidnu ligg i eit omräde der samisk er det dominerande spräket, og der norsk ikkje har ei lang historie. I dag er Guovdageaidnu ein del av staten Noreg der norsk er majoritetsspräket. Som minoritetsgruppe i storsamfunnet har samar i stor grad opplevt ei stigmatisering i h0ve til etniske nordmenn. Samisk levesett og tradisjonar har av mange blitt oppfatta som kulturelt sett mindre utvikla enn norsk levesett og tradisjonar [5, 6, 27, 37], og det ä l^re norsk har sä vore framstilt som eit vilkär for ä kunna komma opp pä same kultursteget som nordmenn [6, 27]. Andreas Larsen gjev ei skj0nnlitter«r skildring av slike holdningar og kva konsekvensar dei kunne fä for samisk sj0lvkjensle, i romanen B&ivve-Alggo (1912).

Vi har lett for ä meine ting om tilh0ve i fortida ut frä det vi veit om vär eiga samtid. Säleis er det lett ä slutte at samisk spräk st0tt har hatt lägare prestisje og v0rdnad i storsamfunnet enn norsk, og at det blir verre di lenger ein gär attende. Det ser ikkje ut til at sä har vore tilfelle. Koloniseringa av samiske omräde sette inn i h0gmellomalderen [13]. Ei slik kolonisering f0rte til at likeverdige relasjonar mellom to grupper vart erstatta av eit system der den eine gruppa definerte kva som var rett og gale. Den norske kongemakta fekk ogsä eit behov for ä legitimere at dei skulle ha rädederett ogsä i gamle samiske omräde (Steinsland 2014) og over «en folkegruppe med egne ledere og egne territorier» (Steinsland 2014: 193) . Som ei f0lgje av koloniseringa av Sapmi fekk fremmende statsmakter st0rre og st0rre räderom i Guovdageaidnu mot slutten av mellomalderen og frametter [22, 32]. Til ä byrja med var det skatteoppkrevjarar som stod for kontakten, og dei hadde ikkje fast tilhald pä staden.

Styresmakter og spräk i samiske omräde

Dei mälsmennene for dei fremmende styresmaktene samar fyrst og fremst kom i kontakt med, var misjon^rar. Misjonering og oppl^ring har gätt hand i hand i lange periodar av koloniseringstida, og eg skal freiste ä gje eit kort oversyn over kva spräkpolitikk som har vore f0lgd i kyrkje og oppl^ring frä slutten av 1600-talet fram til i dag. Mälet er ä seia noko om kva spräk som har vore til stades i det daglege i Guovdageaidnu. Det som skjer i den obligatoriske skolen, fär konsekvensar for alle. Likevel er det slik at kontakten med skolen og kyrkja var sv^rt liten for dei fleste ogsä i lang tid etter at obligatorisk oppl^ring vart innf0rt. Elevar pä landet hadde lenge berre nokre fä veker skole per är [24]. I 1812 sende biskop Sch0nheyder ut ei fräsegn om at kvar unge i Guovdageaidnu skulle ha minst seks vekers undervisning per är [32], men mangel pä kvalifiserte l^rarar og prestemangel gjorde at det ikkje var räd ä etterleva denne instruksen [32]. I 1862 var den päbodne skoleplikta framleis seks veker per är per unge [32]. I 1872 vedtok skolestyret

1 Nils Dannemark, PhD in Linguistics, Cand.philol. in Nordic languages, Professor, Sami Univerity College (Norway). E-mail: nils.dannemark@samiskhs.no.

i Guovdageaidnu at kvar unge i omgangsskolen skulle ha fire vekers undervisning per är [32]. Nokon viktig faktor kunne altsä ikkje skolen bli for elevane.

Likevel var skolen eit organ statsmakta kunne nä folk gjennom. Eg ser derfor meir noggrant pä kva forskrifter som har vore gjeldande i skolen enn det som galdt i kyrkja, i tida etter at skolen fekk ei fast organisering og overtok mykje av det oppl^ringsarbeidet misjonen og kyrkja tidlegare hadde hatt. Eg ser pä planar fram til og med l^replanen frä 2006 med revidering 2013.

1.1.1 Misjonerings- og oppl^ringsspräk

1.1.1.1 Tida fram til 1850

Fram til 1756 var det svensk statsmakt som var ordensmakt i austre delen av det som no er Guovdageainnu suohkan / Kautokeino kommune [32]. I Maze var det dansk-norsk ordensmakt som rädde. I perioden frä 1674 til 1755 horte Guovdageaidnu prestegjeld til den svenske kyrkja. Guovdageaidnu vart rekna som ein del av Torne lappmark [16, 20]. I denne tida vart samisk og finsk nytta som kyrkje- og oppl^ringsmäl i Torne lappmark [13, 32, 33], sä svensk vart aldri nytta som kyrkje-eller oppl^ringsmäl i Guovdageaidnu jamvel om det budde svenske sokneprestar der. Den fyrste soknepresten som budde fast i Guovdageaidnu, var Anders Tornensis [22, 34]. Han skal ha busett seg i bygda i 1684 [34]. I 1751 vart det underskrive ein grensetraktat mellom Danmark-Norge og Sverige om samiske omräde [34]. Etter dette har heile Guovdageaidnu lege under dansk-norsk og seinare norsk styring.

Pä slutten av 1600-talet vart misjonering ein del av striden mellom svenske og dansk-norske styresmakter om räderetten over samiske omräde (NOU 1985, 14:44). Til ä byrja med ser det ut til at "samene i alle fall noe pä vei ble m0tt pä deres egne premisser" (loc. cit.), og det vart lagt vekt pä at misjon^rane skulle kunna samisk (loc.cit.). Dette synet ser ut til ä ha rädd bäde pä svensk og norsk side.

Tidleg pä 1700-talet vart pietismen rädande i dansk-norsk kyrkjeliv. Pietismen legg stor vekt pä den subjektive opplevinga, og pä tilh0vet den einskilde har til kristendomen [11]. Mälsmenn for kyrkja meinte det var viktig ä gje oppl^ring pä samisk og ä s0rgje for samiskspräkleg litteratur som kunne hjelpe samar til ä finne frelsa [33]. Thomas Westen, ein av dei fremste misjon^rane i samiske omräde pä denne tida, grunnla Seminarium Scholasticum, ein skole som skulle utdanen l^rarar og prestar for arbeid i samiske omräde, i 1717. Eter at von Westen d0ydde i 1727, vart skolen nedlagd [19].

Sentrale personar som biskopane Peder Krog (biskop 1688-1731 [25] og Eiler Hagerup d.e. (biskop 1731-1743 [25]) i Trondheim hadde eit anna syn pä dette, og hevda at dansk mätte brukast [33]. Ludvig Harboe, som var biskop frä 1743 til 1748 [33], meinte den einaste farande vegen var ä nytte samisk, og etterf0lgjaren hans, Nannestad, biskop frä 1748 til 1758 [33], delte dette synet jamvel om han i 1752 gav ein instruks om at den som hadde misjon^rstillinga for samane, fyrst og fremst skulle "ha ungdommens opl^ring for 0ie" og "fremfor alt skal han holde de unge til ä l^re og lese norsk" [32]. Same äret vart det samiske seminariet i Trondheim gjenoppretta under namnet Seminarium lapponicum

[13, 32]. Málet for seminaret var á utdanne misjon^rar og l^rarar [33] som skulle kunna undervise samar pá deira eige mál. Da Guovdageaidnu kom under dansk-norsk styring, var altsá ogsá diskusjonen om kva mál som skulle nyttast i oppl^ring og misjonering i Sápmi, kommen i gang [13]. Samisk var ikkje lenger eit sj0lvsagt val, slik det ser ut til á ha vore i tidleg misjonering.

3. november 1774 kom sá ei kongeleg forskrift som pábaud at norsk skulle brukast ("skal med de Unges Underviisning iblandt Lapperne forholdes paa ovenanf0rte Maade") [30]. Ovenanf0rte Maade vil seia: "at det derimod vilde v^re bedre, at der blev gjort Begyndelse med at indf0re det Norske Sprog iblandt Lapperne, saa at is^r de Unge af dem bleve tilholdte at l^re deres Christendom paa Norsk" ([30], attgjeving av ein notis frá Biskopen til Trundhjems Stift). Likevel ser det ut til at det framleis har vore ei vanleg oppfatning blant skolefolk og prestar at samar mátte fá utdanning pá sitt eige mál. I 1848 gav presten Nils Vibe Stockfleth ut ei bok om stoda for samar i Noreg der han konkluderte med at det var naudsynt med oppl^ring pá eige mál [35]. I ei bok om kvenar same áret kom han til same konklusjonen for den folkegruppa og [36].

1.1.1.2 Tida frá 1850 til 1967

I tida etter 1850 m0tte synspunkt som dei Stockfleth hadde, mykje motb0r. I romantikken vart ideen om den samlande nasjonen viktig, og etter at Noreg vart l0yst frá Danmark, vart ideen om nasjonalstaten sv^rt sentral ogsá hos oss. Styresmaktene tok til á oppfatte norskoppl^ring som eit viktig siktemál for á skapa ein slik nasjonalstat, og dette f0rte til at oppl^ring pá samisk ikkje vart f0rt vidare slik Stockfleth hadde ynskt. I ein sprákinstruks frá 1862 vart samisk nemnt som hjelpesprák, og hovudmálet var altsá at norsk skulle innf0rast (Instruks 1862). Instruksen galdt ikkje "saadanne kretse (...) i hvilke enten norsk eller lappisk Sprog er eneraadende" (loc.cit.). Denne lina vart styrkt med sprákinstruksen for l^rarar av 1880. Den slár fast at alle kvenske og samiske barn skal l^re á lesa og snakke norsk (Instrux 1880). Den tidlegare passusen frá 1862 og 1870 om at samiske og kvenske elevar ogsá skulle l^re á lesa sitt eige mál, vart stroken (loc. cit.). Samisk og kvensk skulle nyttast berre nár det var "helt uomgj^ngelig forn0dent" (loc. cit.). Berre nár det som vart sagt pá norsk, var "uforstaaeligt for b0rnene" (loc.cit.), kunne samisk og kvensk nyttast. Det vart heller ikkje lenger skilt mellom krinsar der samisk var einerádande, og krinsar der begge mál var nytta. Norsk mál vart altsá innf0rt i skolen ogsá i indre Finnmark med instruksen frá 1880. Venstre-staten f0rte denne fornorskingslina vidare mellom anna gjennom á gje einskapsskolen ei sterk stilling, og ei av oppgávene for einskapsskolen var á fremje ei sams nasjonalkjensle (Slagstad 1998:97). Eivind Bráastad Jensen seier:

Denne oppváknende nasjonalismen i et land som f0rst fikk sin uavhengighet i 1814, og som fram til 1905 báde strevde for á utvikle en kulturell identitet og for oppl0sning av unionen med Sverige, kunne ikke gi noe godt klima for andre folkegrupper innafor landets grenser, som ikke delte majoritetens sprák og kultur. [19]

Det vart oppfatta som viktig at samar skulle l^re seg norsk, og lina Stockfleth hadde stätt for, fekk ingen plass i den nye Venstre-staten. Samar skulle altsä ikkje fä oppl^ring pä samisk, men innf0ring i nasjonalspräket norsk.

Fram til 1974 f0lgde norskundervisninga for samiskspräklege elevar i Noreg i store drag same planar som anna norskundervisning i Noreg. Sä lenge det fanst eigne planar for landsfolkeskolen, var det desse som galdt i Guovdageaidnu.

1.1.1.3 Tida frä 1967 til 2005

1.1.1.3.1 Undervisningsplanar

I 1963 vedtok Stortinget eit tillegg til lov om folkeskolen frä 1959 i samband med dr0ftinga av innstillinga frä Samekomiteen [38]. I tillegget stär: "Etter avgjerd frä departementet kan det nyttast samisk til oppl^ringsmäl i skolen" [38]. Dette inneber eit prinsipielt brot med den fornorskingslina som hadde vore f0rt fram til da [19]. I 1967 vart det sä sett i gang begynnaroppl^ring pä samisk i to samiske kommunar i Finnmark [4, 9, 39] Kautokeino kommunearkiv: referat frä skolestyresak 12/67), Käräsjohka og Guovdageaidnu. Departementet gav l0yve til ä setja i gang oppl^ringa (Kautokeino kommunearkiv: brev frä skoledirekt0ren i Finnmark 13. januar 1967). Grunnskolelova frä 1969 stadfestar tillegget Stortinget vedtok i 1963 til folkeskolelova i 1963, og gjer val av samisk i skolen til ein rett for foreldre som sj0lve nyttar samisk som fyrstespräk (loc.cit.). Etter lovtillegget frä 1963 kunne oppl^ring gjevast berre etter vedtak av departementet (loc.cit.).

Med den nye m0nsterplanen for grunnskolen frä 1974 kom det eigne planar for samisk som morsmälsfag. I planen stär det: "I spräkblandingsdistrikta kan foreldre som nyttar samisk som dagleg talemäl, krevje oppl^ring pä samisk for barna sine" [28]. Den same planen seier: "Det er rimeleg ä tenkje seg at hovudvekta vil ligge pä samisk spräk og samisk kultur pä dei lägaste klassestega, og at den gradvis vil gä over til ä liggje pä norsk spräk og norsk kultur pä dei h0gaste klassestega i grunnskolen" (loc.cit.). Det ser ut til at planen legg opp til at samisk berre skal vera eit hjelpemiddel som fyrst og fremst skal f0re til at det blir lettare for samiskspräklege barn ä l^re norsk. Det stär rett nok at "begge mä vere med frä f0rst til sist" (loc.cit.), men i planen blir det berre nemnt at "norsk [mä] komme inn pä dei f0rste klassestega som det f0rste framandspräket" (loc.cit.), og det blir ikkje sagt noko om bruk av samisk. I planen stär det vidare: "dernest siktar oppl^ring i samisk pä ä halde oppe og f0re vidare samisk spräk og samiske kulturtradisjonar" (loc.cit.), men planen seier ikkje noko om korleis ein skal nä dette mälet. Planen seier klart at norsk skal vera det viktigaste spräket pä h0gare klassesteg, og pä mellomsteget, altsä seinast i daverande sjette klasse, skulle elevane ha gätt over til ä nytte morsmälsplanen i norsk, Norsk m/ skriftforming. F0r det kunne ein nytte planen for Norsk som framandsprak. Det er säleis truleg at den undervisninga planen skildra, ville f0re til subtraktiv tospräklegheit [40]. Dette vil falle inn under det Colin Baker i si systematisering av ulike former for tospräkleg oppl^ring kallar transitional bilingual education, 'tospräkleg overgangsoppl^ring, ei svak form for tospräkleg oppl^ring der mälet er assimilering [3].

I m0nsterplanen for 1987 vart tospräklegheit for fyrste gong sett opp som eit mäl for undervisninga bäde i samisk som fyrstespräk, samisk som andrespräk og norsk for elevar med samisk som fyrstespräk. Det er ogsä fyrste gongen omgrepa andrespräk og fyrstespräk blir nytta i ein norsk fagplan. Planen gjer det mogeleg ä nytte samisk som oppl^ringsmäl i alle klassar i grunnskolen. Jamstelling mellom norskspräklege og samiskspräklege barn blir forklart slik i planen:

Reell jamstelling mellom skoletilbodet for norske og samiske elevar inneber at samisk og norsk spräk har lik status, og at elevar som vel samisk som fyrstespräk, fär likeverdig kompetanse samanlikna med dei elevane som har norsk som fyrstespräk [29].

I M-74 er jamstelling forklart slik:

Mälsetjinga for grunnskolen er den same i spräkblandingsdistrikt som elles i landet. Det vil seie at dei samisktalande elevane skal f0rast fram til same niväet som norsktalande elevar i grunnskolen. Mälet er jamstelling, og berre oppnäeleg när samisktalande elevar fär ei skoleutdanning som er heilt jamstelt med den all annan norsk ungdom fär [28].

Ein kan tolke omgrepet jamstelling slik at det tyder at skilnadene mellom to grupper har forsvunne eller vorte sv^rt smä. Slik meiner eg det blir bruka i M74. Ei anna tolking av omgrepet er at ting som er ulike, blir respekterte pä same nivä og gjev same status. Eg meiner M87 har denne tolkinga. M87 legg opp til det Baker kallar maintenance, 'oppretthalding', ein modell for tospräkleg oppl^ring for spräklege minoritetar med vekt pä L1. Baker ser munnleg og skriftleg tospräklegheit som mäl for slike modellar [3].

Den fyrste eigne l^replanen for samisk oppl^ring i Noreg kom i 1997. I denne planen har samisk nett den same planen i oppl^ringa for samisktalande barn som norsk for norskspräklege barn. Det er sett opp som eit mäl i denne planen at elevane skal utvikle samisk som eit tenleg bruksmäl i alle situasjonar. Planen oppfattar samisk som "et middel til ä skaffe seg nye synsmäter og ny kunnskap". Dette synet finst ogsä i M87, og L97 f0rer säleis vidare grunnsynet i M87. I Baker si systematisering er L97 ein sterkare versjon av same modell som M87.

Odd Mathis H^tta skildrar norsk skolepolitikk etter andre verdskrigen slik: "Norsk skolepolitikk i samiske distrikter de siste 25 är har i virkeligheten ikke avveket s^rlig fra den harde fornorskningslinjen som ble grunnlagt ved ärhundreskiftet og som fortsatte hele mellomkrigstiden" [18]. Dette skriv han jamvel om det i 1972 var mogeleg ä fä grunnleggjande oppl^ring pä samisk dersom foreldra ynskte det. Mälet for samiskoppl^ringa var rettnok ikkje ä utvikle samiskkunnskapane til elevane, samisk identitet og samisk som reiskap for tanken, men ä fä samiskspräklege barn til ä l^re norsk. Dette vart ikkje endra f0r i 1987. Likevel er det vel slik at h0vet til ä kunna velja samisk som oppl^ringsspräk i den grunnleggjande oppl^ringa var eit viktig steg pä vegen mot ein samisk skole.

1.1.1.3.2 Уэ! эу ипСегу|Бп1пдББргак

Det ег Се1 f0resette Бот уе! куэ ипСегу|Бп1пдББргак ипдэпе Се1гэ Бкэ! Ьэ. I СиоуСэдеэ1Спи Ьэг Сet Бот nemnt уоге тоде!ед а уе'э те!!от Бэт1Бк од погБк I дгипп!едд]эпСе орр!^г1пд I !еБ1пд од Бкг1у1пд ра Бэт^к 1га од теС 1967. ЕИег 1974 Ьэг Сet уоге тоде!ед а уе'э те!!от погБк од Бэт^к Бот тогБта^эд, од еИег 1987 кэп е1п уе'э те!!от погБк од Бэт1Бк Бот орр!^г1пдБта!.

ТаЬе11 1.1 а

Орр!йг1пдБта! уеС СиоуСэдеэ1ппи тапа1СБкиу!э / KэutokeIno ЬэгпеБко!е

№огек

1967 13 19

1968 20 12

1969 14 16

1970 30 14

1971 26 12

1972 28 23

1973 40 14

1974 35 25

1975 34 17

1976 40 25

1977 42 17

1978 32 24

1979 32 17

1980 32 16

19811 37 14

19822 36 14

19833 37 15

19844 31 14

1985 40 13

1986 44 11

1987 ^еп informasjon

1988 42 15

19895 27 7

19906 36 10

19917 29 4

1992 31 8

1993 33 8

1994 34 18

1995 35 7

1996 З1 6

1991 З4 6

1998 ЗЗ 2

1999 24 2

2000 З0 0

2001 55 l9

2002 21 210

200З ЗЗ 211

2004 З1 012

2005 Зв

2006 1

2001

2008

2009

2010 2З 4

2011 29 0

2012 З1 1

201З З4 1

2014 З1 2

1 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i S. klasse.

2 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i 4. klasse.

3 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i 3. klasse.

4 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i 2. klasse.

5 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i S. klasse.

6 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i 4. klasse.

7 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i 3. klasse.

S Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette âret, gjekk i S. klasse.

9 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette râet, gjekk i 4. klasse

10 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette râet, gjekk i 3. klasse

11 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette râet, gjekk i 2. klasse

12 Tal frâ 2006.

13 Tal frâ det âret dei elevane som begynte dette râet, gjekk i 2. klasse

Kjelde: Kommunearkivet i Guovdageaidnu. Ellen Marit Guttorm som var lœrar ved barneskolen i Guovdageaidnu frâ 1963 til 2002, har fortalt meg kva opplegg dei ulike klassane hadde, der dette ikkje gâr fram av klasseprotokollar. Ho var klasselœrar for den fyrste klassen som hadde grunnleggjande opplœring pâ samisk.

Nâr ikkje anna er nemnt, er tala frâ dâ elevane gjekk i fyrste klasse. I somme tilfelle har eg ikkje kunna finne tala frâ fyrste klasse, men berre frâ seinare ârssteg. Eg har da valt â setja opp dei tala eg har funne, jamvel om tala i tabellen pâ det viset ikkje blir heilt samanliknbare.

iНе можете найти то, что вам нужно? Попробуйте сервис подбора литературы.

Pâ 1990-taIet vart det fœrre elevar som hadde norsk som opplœringssprâk ved barneskolen i Guovdageaidnu. Éin grunn til dette er at talet pâ tilsette i Luftforsvaret vart sterkt redusert pâ slutten av 19S0-taIet [S], og at gruvedrifta i Bieddjovággi vart nedlagd

[30]. Dei fleste av dei tilsette ved desse to arbeidsstadene var tilflyttarar til bygda, og ungane deira hadde i dei aller fleste tilfelle norsk som oppl^ringsmäl. Ein annan grunn er at det dei siste 30 ära har vorte meir vanleg at ungar frä heimar der ein av foreldra snakka norsk og den andre samisk, l^rer begge spräk heime [8]. Dette har sä fort til at fleire ungar frä tospräklege heimar har hatt samisk som oppl^ringsmäl enn tidlegare.

1.2 Kva spräk har vore bruka av folk i Guovdageaidnu?

Det finst ulike kjelder som fortel kva heimespräk folk i Guovdageaidnu har nytta. Friis sine demografiske kart frä 1860 gjev oversyn over kor mange som da snakka samisk (Friis 1861). Ei undersoking som skoledirekt0r Karl Aas sette i gang i 1899, gjev informasjon om talemälet i heimane (Aas 1899, Mel0y 1980). I folketeljingane har det vore spurt etter heimespräk fram til 1970. Etter den tida gjev Dannemark og Johansen (2001) informasjon om kva spräk ungdomsskoleelevar i skoleäret 1998/99 nyttar, bäde som heimespräk og saman med kameratar. I 2000 vart det gjennomf0rt ei unders0king om bruken av samisk spräk i Noreg der Samisk spräkräd var oppdragsgjevar. Ingen av desse unders0kingane gjev informasjon om kva mäl folk har meistra i tillegg til heimespräket eller heimespräka sä godt at dei er det Skutnabb-Kangas [] (1981:94) definerer som tväspräkig i h0ve til användning: "Den är tväspräkig som a. använder (eller kan använda) tvä spräk (i de fleste situationer) (i enlighet med sina egne önskemäl och samhällets krav)". I tillegg til samisk har norsk og finsk ([32], Skum og Skum u.ä.) vore spräk som har vore nytta i kommunikasjon med folk i n^rliggjande omräde og ogsä med folk i sj0lve Guovdageaidnu. Norsk og finsk har aldri vore heimespräk for s^rleg mange i Guovdageaidnu, og informasjon om kor utbreidd kjennskapen til desse spräka har vore, mä derfor s0kjast i andre kjelder enn dei eg har nemnt over. Mogelege kjelder er reiseskildringar, nedskrivne minne og inntrykk og samtalar med folk i bygda.

1.2.1 Fyrstespräk

Anden^s [1] definerer fyrstespräk som det spräket barnet veks opp med, det eg over har kalla heimespräk. Eit barn kan vekse opp med fleire spräk enn eitt i heimen, og kan da ha to eller fleire spräk som fyrstespräk. I unders0kingane eg viser til, har ein nytta omgrep som spräk i familier (1899), forste talespräk (1970). Sj0lve omgrepet fyrstespräk er ikkje gammalt i norsk, men eg vel likevel ä nytte det ogsä när eg snakkar om tidlegare spräksituasjonar.

Eg har sett opp tal frä 1899, 1950, 1970 og 1998/99 for ä gje eit historisk oversyn over kva fyrstespräk som har vore nytta i Guovdageaidnu. Eg har ogsä sett opp tal for Finnmark fylke när dei er tilgjengelege. I nokre tilfelle dekkjer unders0kingane berre delar av fylket.

Tabell hl b

Sprâk ¡ familiar, 1899

Omrâde Familiar Norsk Samisk Kvensk Tresprâkleg Tosprâkleg

Guovdageaidnu 119 0 119 - - -

15 kommunar i Firmmark 1991 728 809 278 16 175

[26;

Tabell hl c

Sprâk i familiar i folketeljinga 1950

Omrâde Folkemengd Samisk Kvensk Samisk og kvensk Samisk og norsk Kvensk og norsk

Menn Kvinner S amia M K S M K S M K S M K S M K S

Finn-mark 28789 25692 54481 3563 3153 6716 (12,33%) 747 634 1381 (2,53%) 20 19 39 (0,07%) 327 277 604 (1,11%) 160 124 284 (0,52%)

Guovdageaidnu 795 762 1557 695 662 1357 (87,15%) 3 2 5 (0,32%) - - 6 5 11 (0,71%) - -

(Kjelde: Folketellingen h desember 1950: Attende hefte: Personer f0dt i utlandet-Fremmede statsborgere - Bruken av samisk og kvensk. 1956)

Desse tala basererseg pâ ei undersoking avtalemâlet i heimaneidei trefylka Nordland, Troms og Finnmark som skoledirektor Karl Aas sette i gang i 1899 [26]. I Finnmark galdt unders0kinga kommunane S0r-Varanger, Nord-Varanger, Nesseby og Polmak, Tana med Gamvik og Berlevâg, Lebesby, Porsanger, Nordkapp, Mâs0y, S0r0ysund, Kvalsund, Hasvik, Loppa, Talvik, Alta og Guovdageaidnu [26]. Ingen av bykommunane var med [26]. Mel0y seier at det ser ut til at"Karasjokog Vard0y landherad ikkje har svara pâ sp0rsmâla som vart sende ut" [26].

Oversyn over kor mange som ¡ folketeljinga 1970 gav opp at dei hadde samisk som fyrste talesprâk

Omräde Samisk fyrste talesprâk Reknar seg sjelv som same

Ja Nei Ikkje svar Samla Ja Nei Uviss Ynskjer ikkje â s vara

Firmmark 8582 (12,63%) 55749 (82,04%) 3623 (5,33%) 67954

Guovdageaidnu 1965 (78,95%) 524 (21,05%) 2489 1899 426 107 57

[2:

Tabell hl e

Oversyn over kva sprâk ungdomsskoleelevar ¡ 1998/99 gav opp at dei og deira foresette nytta

Fyrstesprâk i heimen

Omráde Ungdomsskoleelevar Feresette Samla

Norsk som einaste sprâk Samisk som einaste sprâk Samisk som eitt av to eller fleire sprâk Eit anna sprâk enn samisk og norsk Norsk som einaste sprâk Samisk som einaste sprâk Samisk som eitt av to eller fleire sprâk Eit anna sprâk enn samisk og norsk Norsk som einaste sprâk Samisk som einaste sprâk Samisk som eitt av to eller fleire sprâk Eit anna sprâk enn samisk og norsk

Guovdageaidnu 10 10,2 % 79 80,6 % 8 8,16 % 1 1,02% 24 12,44% 159 82,38% 9 4,66% 1 0,52% 34 11,68 % 238 81,79 % 17 5,84 % 2 0,69%

Tabell 1.1 f

Oversyn over kor mange ungdomsskoleelevar i 1998/99 som oppgav at dei og deira foresette nytta samisk som einaste eller eitt av fleire fyrstesprâk i heimen

Samisk som einaste eller eitt av to eller fleire fyrstesprâk i heimen

Ungdomsskoleelevar F0resette Samla

Guovdageaidnu 87 (88,78 %) 168 (87,05 %) 255 (87,63 %)

[8]

Svar pâ slike sporjeundersokingar treng sj0lvsagt ikkje gje eit reelt bilete av tilh0va. Det kan til d0mes tenkjast at dei som blir spurde, svarar ut frâ kva som er râdande oppfatningar av korleis tilh0va b0r vera. Dette kan sâ gje ulike utslag etter kva som er vanleg meining om kva sprâk som har framtida for seg. Grunnen til at tala pâ dei som har gjeve opp at dei har samisk som fyrste talesprâk, er noko lâgare i 1970 enn i unders0kinga frâ 1998/99, kan vera at fleire av informantane faktisk har to fyrstesprâk. Aubert 1978 hadde granska det statistiske materialet som f0relâg da, og seier: "Av dette materialet er det nœrliggende â slutte at to samisktalende foreldre stort sett er en n0dvendig, men ikke tilstrekkelig betingelse for at barna skal vokse opp med samisk som morsmâl" [2]. Dannemark og Johansen [8] seier tala i deira unders0king tyder pâ at det er fleire som faktisk har to fyrstesprâk i tida etter 1970. I ei unders0king som vart gjennomf0rt for Samisk sprâkrâd i âr 2000, ser det ut til at delen av samisktalande av innbyggjarar i Guovdageaidnu mellom 18 og 29 âr er mindre enn mellom elder (Ravna 2000). Av den samla folkesetnaden seier unders0kinga at 95 prosent seier dei kan samisk godt eller svœrt godt. If0lgje Dannemark og Johansen nyttar 88,8 prosent av dei som var ungdomsskoleelevar i Guovdageaidnu 1998/99, samisk som einaste eller eitt av to eller fleire heimesprâk, og 93,3 nyttar samisk som einaste eller eitt av to eller fleire sprâk saman med kameratar (2001:50f.). Det er truleg at dette siste talet fortel kven som meistrar samisk godt eller svœrt godt. Det er ikkje stor skilnad mellom denne gruppa og heile folkesetnaden.

Det ser altsâ ikkje ut til at dei tala vi finn i Ravna 2000, er uttrykk for ein vedvarande tendens til at samisk blir mindre nytta mellom ungdom. Torkel Rasmussen seier at tala pâ samisktalande i andre aldersgrupper ser ut til â vera h0gare enn talet pâ innbyggjarar i tilsvarande grupper, og han meiner dette kanskje kan vera resultat av ein statistisk feil i unders0kinga. Ârsaka til denne feilen meiner han kan vera at ein ikkje har nâdd fram til aldersgruppa 18-30 med sp0rsmâla (2005:85f.). Rasmussen seier vidare at han ut frâ eigne r0ynsler ikkje har grunn til â tru at det var fœrre samisktalande i aldersgruppa 18-29 enn i andre grupper i Guovdageaidnu i âr 2000 (loc.cit.).

Det ser alt i alt ut til at det som finst av kjeldemateriale, klart viser at samisk er majoritetssprâket i Guovdageaidnu, og at det har vore det sâ langt tilbake som vi har opplysningar om. Det ser ogsâ ut til at fleirtalet av ungdom har samisk som fyrstesprâk.

1.2.2 Kjennskap til andre sprák

Som nemnt i 1.2 har finsk og norsk vore sprák som folk i Guovdageaidnu har nytta i tillegg til samisk. Det finst ikkje oversikter over kor mange som har meistra desse to spráka av dei som har hatt samisk som fyrstesprák. Eg skal likevel freiste á gje eit bilete av kva posisjon norsk har hatt i bygda i tida etter at Guovdageaidnu kom under norsk styre midt pá 1700-talet. Eg kjem ikkje til á gá inn pá kva finskkunnskapar folk har hatt, etter som det truleg ikkje har noko á seia for det emnet eg har valt á ta for meg. Det ser ut til á vera ei utbreidd oppfatning i bygda at det var vanlegare á meistre finsk tidlegare enn det er no. I ein rapport frá 1877 frá Kyrkjedepartementet blir det sagt at "der skal overhovedet findes faa Lapper, der ikke kunne meddele sig paa Kv^nsk" (Hertzberg 1878:5). Forklaringa meiner forfattaren av rapporten ligg i stort samkvem mellom samar og kvenar som h0rte heime i Guovdageaidnu, at "den kv^nske Indflytning til Alten samt Kv^nernes Markedsreiser til Bopsekop foregaar for en Del over Kautokeino" og i den n^re slektskapen mellom samisk og finsk (loc.cit.).

1.2.2.1 Norsk

Som nemnt (1.1.1.1) kom det forskrifter i 1752 og 1774 som gav prestar og misjon^rar pábod om á fá ungdomen til á l^re norsk (1752) og om á nytte norsk i undervisninga (1774). Det ser ikkje ut til at dette har f0rt til dei resultata styresmaktene ynskte. Soknepresten i Guovdageaidnu frá 1786 til 1792, Samuel Bugge Budde, skriv i 1789 at sv^rt fá i Guovdageaidnu kan nytte norsk til á uttrykkje meiningane sine [32]. Dahl [6] seier om perioden frá 1826 til 1848 at det er vanskeleg á fá eit oversyn over kva norskkunnskapar samar i Finnmark hadde, men han konkluderer ut frá dei kjelder som er tilgjengelege, at "det er liten grunn til á tro at samenes kjennskap til norsk har 0kt i noen s^rlig grad i dette tidsrom" [6].

Det er ikkje lettare á seia noko fast om norskkunnskapar i ára etter 1848, men visse vitnemál kan gje eit inntrykk av tilh0va. Naturforskaren Sophus Tromholt hadde eit forskingsopphald i Guovdageaidnu 1882-1883. Det fyrste m0tet med folk frá bygda fekk han pá vegen frá Alta opp til Guovdageaidnu. Ferda gjekk til dels med elvebát, og med i báten var to skysskarar og lensmannen og handelsmannen i Guovdageaidnu. Han skriv dette om ferda: "Jeg ved i Sandhed ikke, hvorledes jeg skulde have klaret mig, om jeg havde v^ret alene paa den nu f0lgende to Dages vanskelige Baadfart, op ad en strid Elv, fuld af Fosser, igjennem et 0de, nisten ubeboet Land, og kun ledsaget af Skydsfolkene, hvis Sprog jeg lige saa lidt kjender, som de kjender mit" (Tromholt 1885:67). Skysskarar h0rer med til dei i ei bygd som har mest omgang med fremmende, og ein skulle tru at dei ikkje var mindre sprákmektige enn andre folk. Det ligg derfor n^r á rekne med at det ikkje var s^rleg utbreitt at folk i Guovdageaidnu kunne nytte norsk pá denne tida. I ein reiserapport frá Kyrkjedepartementet frá 1877 er stoda skildra slik: "I Regelen kunne1

1 presens pluralis

Konfirmanderne ikke l^se en norsk Bog med Forstaaelse, kunne1 ikke engang til N0d meddele sig paa Norsk; det eneste Udbytte kan siges at v^re, at de kunne2 forstaa de simpleste og i Daglig-Talen almindeligst forekommende norske Ord og S^tninger" (Hertzberg 1878:4). I ein rapport frä ei inspeksjonsreise til Finnmark i 1886 seier skoledirekt0r Killengreen at "det lappiske Sprog holder sig, som maa ventes, med stor styrke inden denne Kommune, og maa fremdel0es anvendes som Skolens Undervisningssprog" (Killengreen 1887:31).

Nokre tiär seinare seier P.L. Smith, som hadde arbeidt som sokneprest i bygda: "Den smule norsk de tilegner sig, representerer neppe nogen livsverdi - og det glemmes snart. Norsk blir aldri hverken talesprog eller skriftsprog for de virkelige lapper i Kautokeino, sä meget kan man da se" [32]. Lilian Bye, som gjorde feltstudiar i Käräsjohka i 1936, skriv at vertsfolka hennar fungerte som tolkar (Bye 1939), og dette fortel vel at mange andre i bygda ikkje kunne nytte norsk som kommunikasjonsmiddel. Utsegner frä folk som voks opp pä denne tida, st0r oppunder det Smith og Bye seier. Eira (u.ä.) seier om skoleära sine pä 30-talet: "Folk her i Guovdageaidnu kunne lite norsk i den tida. Vi hadde ikke sä mye kontakt med utenomverdenen, da det ennä ikke var veier." H^tta (u.ä.) seier om tida rundt 1940: "Pä vidda h0rte vi ikke annet enn samisk, vi traff i det hele teke ikke norsktalende folk." Nils Skum er f0dd i 1934, og seier at han ikkje l^rte norsk f0r han reiste ut av Guovdageaidnu og drog til S0r-Noreg som 18-äring (Skum og Skum u.ä.). I denne tida fram til andre verdskrigen ser det ut til ä ha vore vanleg at dei som kom som innflyttarar til bygda, l^rte seg sä pass mykje samisk at dei kunne kommunisere med folk i bygda pä deira morsmäl [6, 14].

I tida etter andre verdskrigen ser det sä ut til ä ha skjedd ei endring. Kontakten med omverda vart betre da det kom veg. Fleire norsktalande kom til Guovdageaidnu i tida etter krigen for ä vera med pä attreisinga. Radioen vart allemannseige. Ein del reindriftssamar som hadde sommarbustad ved kysten, hadde ogsä tidlegare l^rt norsk i omgang med norsktalande (H^tta u.ä.). Men ogsä ved kysten var det mange som kunne samisk i tida f0r andre verdskrigen, og kommunikasjonen med dei fastbuande kunne ogsä gä f0re seg pä samisk (loc.cit.). I tida etter andre verdskrigen endra dette seg [5, 12]. Samisk vart i liten grad overf0rt til den neste generasjonen i kyststroka, og dei som kunne tala det, gjorde det ofte ikkje, av di samisk var forbunde med vonde minne om stigmatisering og fattigdom [5]. Dette f0rte ogsä til at reindriftssamar i st0rre grad mätte nytte norsk under opphalda i sommarbeiteomräda när dei snakka med fastbuande. M0nsterplan forgrunnskolen [29] gjev denne forklaringa: "Assimilasjonsprosessen er og päverka av betre kommunikasjonar, av flytting til tettstader og av den auka innverknaden massemedia har fätt. Alt dette har gjort at forholdet til det norske samfunnet er tettare i dag enn nokon gong f0r."

Det finst heller ikkje for tida etter 1945 talmateriale som syner kor mange i Guovdageaidnu som meistrar norsk slik at dei kan nytte spräket i munnleg kommunikasjon. Det synest likevel som det er ei vanleg oppfatning at folk i dag er tospräklege, og at dei aller fleste meistrar norsk pä eit sv^rt h0gt nivä som andrespräk. Gaup 1991 skildrar spräkstoda

1 presens pluralis

2 presens pluralis

i Guovdageaidnu slik: „Endel av informantene i kommunen er enspräklige (norsktalende)" (24). I dette ligg det vel implisitt at samisktalande er tospräklege. Monsterplanen [29] seier: „I indre Finnmark har det vorte meir vanleg at folk er tospräkleg eller har norsk som fyrstespräk." Alf Isak Keskitalo skildrar spräksituasjonen slik: If we take a closer look at the Kautokeino community (K) in the core area, and regard it as typical, we get the following picture. Out of a population of about 2.800 persons in K, eighty per cent have Sami as their mother tongue and first language, and the other twenty per cent Norwegian. As almost all Samis master Norwegian, many perfectly, and only a few Norwegians (because of a widespread migration tendency, etc.) master Sami (we can here disregard stigmatisation phenomena) we get a typical asymmetrical relationship between majority and minority languages.

[21]

Nils 0yvind Helander seier det slik: „Nowadays most Sami-speaking people are bilingual meaning that they also master either Finnish, Norwegian, Swedish or Russian. In the border areas many people are trilingual" [15].

Norsk er altsä ikkje eit spräk med gamle r0ter i Guovdageaidnu, og det har aldri vore mange som har nytta spräket som daglegspräk. Det finst ingen fast etablert variant av norsk i Guovdageaidnu som kan nyttast som monster for dei som skal l&re seg spräket.?? Dei som nyttar spräket som daglegspräk, h0rer ogsä dagleg samisk, og ein del med norsk som fyrstespräk har ogsä kommunikative ferdigheiter i samisk.

Litteratur:

1. Anden^s, Ellen. 1984. Flerspräklighet - handikap eller ressurs? Anne Hvenekilde og Else Ryen (red.): "Kan jeg fä ordene dine, l&rer?" Artikler om norsk som andrespräk, spräkfunksjoner, tospräklighet, tokulturell undervisning. Oslo: Landslaget for norskundervisning (LNU)/Cappelen

2. Aubert, Vilhelm. 1978. Den samiske befolkning i Nord-Norge/ Sami al'bmut Davvi-Norgas. I serien Artikler fra Statistisk Sentralbyrä, nr. 107. Oslo: Statistisk sentralbyrä

3. Baker, Colin. 2006. Foundations of Bilingual Education and Bilingualism. 4. utgäva. Clevedon: Multilingual Matters Ltd

4. Balto, Asta. 1996. Samisk skolehistorie. En kort innf0ring. Guovdageaidnu: Sami allaskuvla

5. Bj0rklund, Ivar. 1985. Fjordfolket i Kv&nangen. Fra samisk samfunn til norsk utkant 1550-1800. Troms0: Universitetsforlaget

6. Dahl, Helge. 1957. Spräkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814 til 1905. Oslo: Universitetsforlaget

7. Dannemark, Nils I.S. 1985. Tempusbruk hos barn. Ein analyse av visse sider ved tempusbruken hos nokre fem-seks-äringar i Oslo. Upublisert hovudoppgäve. Oslo: Institutt for nordisk spräk og litteratur, Universitetet i Oslo

8. Dannemark, Nils, og Yngve Johansen. 2001. Ungdomsskoleelever og spräkvalg i Finnmark i 1982/83 og 1998/99. Maal og Minne 2001/1: 41-63

9. Eira, Inger Marie Gaup (Miggal-Niillasa Issät-Niillasa Inger Märjä). 2004. Samegiella Davviriikkain. Stahtus ja domenecielggadeapmi. Guovdageaidnu: Sämi Instituhtta

10. Eira, Marie N. Logje. 2011. Tolk mellom de andre elevene og husmora. Fortalt til og oversatt av Svein Lund. Samiskuvlahitorja, 5: 350-355..

11. Elstad, Hallgeir. 2005. Nyerenorskkristendomshistorie. Bergen: Fagbokforlaget

12. Eythorsson, Einar. 1991. Ressurser, livsformog lokal kunnskap. Uprenta hovudoppgäve i samfunnsvitskap. Troms0: Institutt for samfunnsvitenskap, Universitetet i Troms0

13. Hansen, Lars Ivar, og Bj0rnar Olsen. 2004. Samenes historie fram til 1750. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag

14. Heiberg, Inger. 1992. Ingen kjennersolen. En bok om mine foreldre, Magna og Lorenz Smith, prestefolk i Kautokeino, Lom og Vang pa Hedmarken. [Espa]: Lokalhistorisk forlag

15. Helander, Nils 0ivind. 1997. State Languages as a Challenge to Ethnicity in the Sami Land. Northern Minority Languages. Problems of Survival,. Senri Ethnological Studies no. 44, s. 147-159. Osaka: National Museum of Ethnology

16. Hyvärinen, Heikki J. 1997. Samenes rettslige stilling i Finland.Urfolks landrettigheter etter folkerett og utenlandsk rett - bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget. NOU 1997:5: 101-109. Oslo: Statens forvaltningstjeneste. Statens trykning

17. H^tta, Inger Marie Sokki. 2011. Det er arbeidet jeg har l^rt av. Fortalt til og oversatt av Svein Lund. Sami skuvlahitorja, 5: 356-361.

18. H^tta, Odd Mathis. 1972. Norsk skolepolitikk i samiske omräder de siste 25 är - en oversikt. Varskole 58: 15-22

19. Jensen, Eivind Brästad. 1991. Fra fornorskningspolitikk mot kulturelt mangfold. [Stonglandseidet]: Nordkalott-Forlaget

20. Johnsen, Oscar Albert. 1923. Finmarkens politiske historie aktm&ssig fremstillet. Videnskapsselskapets Skrifter. II. Hist.-filos. Klasse, 1922. No. 3. Oslo: I kommisjon hos Jacob Dybwad

21. Keskitalo, Alf Isak. 1980. The Status of the Sami Language. Minority Languages Today, s. 152-162. Edinburgh: University Press

22. Keskitalo, Alf Isak. 1998. Guovdageainnu suohkangirji / Kautokeino sognebok. Guovdageaidnu: Guovdageainnu suaohkan / Kautokeino kommune

23. Killengreen, [Jens Anathon]. 1887. Indberetning om en Inspektionsreise tilFinmarken : foretaget i Tiden fra 2den Februar til 7de Juni 1886. Kristiania: Fabritius 1887

24. Lund, Svein. 1999. Samisk skole eller norsk standard? H0gskolen i Akershus. Yrkespedagogisk institutt

25. Lysaker, Trygve. 1987. Trondhjems stift og Nidaros bispedomme 1537-1953, 1. Reformasjon og enevelde1537-1804. [Trondheim]: Nidaros domkirkes restaureringsarbeider

26. Mel0y, L. Lind. 1980. Internatliv i Finnmark. Skolepolitikk 1900-1940. Oslo: Det Norske Samlaget

27. Mahlum, Brit. 2007. Konfrontasjoner. Narsprakmotes. Oslo: Novus

28. Monsterplan forgrunnskolen. Nynorsk. 1974. Oslo: Aschehoug

29. Monsterplan for grunnskolen. Nynorsk. 1987. Oslo: Aschehoug

30. Prestbakmo, Hans. 1994. Bruken av utmarksressursene i Finnmark i dette ârhundret. Bruk av land og vann i Finnmark i historisk perspektiv . Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget NOU 1994:21: 192-204. Oslo: Resolutioner og Collegialbreve Statens forvaltningstjeneste. Statens trykning

31. Skum, Nils Aslak og Margrete Skum. 2011. - Barna skulle fâ den skolegangen som ikkje vi fikk. Intervju og omsetjing ved Svein Lund. Sâmiskuvlahitorjâ, 5: 342-349

32. Smith, L.P. 1938. Kautokeinoogkautokeino-lappene. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Skrifter, bind 34. Oslo: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard)

33. Steen, Adolf. 1954. Samenes kristning og Finnemisjonen til 1888. Oslo. Egede instituttet

34. Steen, Adolf. 1969. Kautokeinogamle kirke. Trondheim: Sami varas

35. Stockfleth, Nils Vibe. 1848a: Bidrag til kundskab om qvœnerne i kongeriget Norge, Christiania: Dybwad

36. Stockfleth, Nils Vibe. 1848a: Bidrag til kundskab om finnerne i kongeriget Norge, Christiania: Dybwad

37. Stordahl, Vigdis. 1998. Same iden moderne verden. Karasjohka: Davvi Girji

38. Stortingsmelding nr. 21, 1962-63: Om kulturelle og 0konomiske tiltak av sœrlig interesse for den samisktalende befolkning, 1963. 1970. Offentlige innstillinger vedrorende samene : dokumenter og innstillinger. [Oslo]: Folkeskolerâdet

39. Todal, Jon. 2009. Undervisninga i samisk som f0rstesprâk i Noreg. Eit kort tilbakeblikk. Samisk skolehistorie 3: 422-441

40. 0zerk, Kamil. 1995. Guovttegielatvuohta ja kognitiiva ovdâneapmi. Tosprâklighet og kognitivutvikling ipedagogiskperspektiv. [Guovdageaidnu]. Sami oahpahusraddi / Samisk utdanningsrâd

i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.