Научная статья на тему 'Undervisninga i samisk som førstespråk i Noreg eit Historisk tilbakeblikk'

Undervisninga i samisk som førstespråk i Noreg eit Historisk tilbakeblikk Текст научной статьи по специальности «Искусствоведение»

CC BY
730
25
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.

Аннотация научной статьи по искусствоведению, автор научной работы — Todal Jon

Samiske elevar kan i Noreg velja om dei vil ha samisk eller norsk som førstespråk i grunnskulen. I dag (2015) får rundt 900 grunnskuleelevar opplæring i samisk som førstespråk i Noreg. Opplæringa i samisk som førstespråk er meint for dei elevane som brukar språket heime og såleis snakkar det godt før dei begynner på skulen. I tillegg får i overkant av 1000 grunnskuleelevar no opplæring i samisk som andrespråk. Forutan desse til saman rundt 2000 elevane som får samiskopplæring i Noreg, får samiske elevar i grunnskulen slik opplæring både i Sverige og Finland, og til ein viss grad i Russland. Denne artikkelen ser berre på historia til den samiske førstespråksopplæringa, og da berre på samisk førstespråksopplæring i Noreg. Sidan 1990 har samisk vore eit offisielt språk i Noreg ved sida av norsk som er majoritetsspråket i landet. Samisk språk har særleg sterkt lovvern i ti kommunar der det tradisjonelt bur mange samar. Dei fleste samisktalande bur i det nordlegaste norske fylket, Finnmark, og i ein del kommunar i Finnmark er samane i fleirtal. Indre Finnmark utgjer eit sterkt kjerneområde for samisk språk, og ein stor del av dei elevane som har samisk som førstespråk på skulen, bur i dette området.

i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.
iНе можете найти то, что вам нужно? Попробуйте сервис подбора литературы.
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.

Текст научной работы на тему «Undervisninga i samisk som førstespråk i Noreg eit Historisk tilbakeblikk»

ЯЗЫК. КУЛЬТУРА. ЭТНОС

Jon Todal1

UNDERVISNINGA I SAMISK SOM F0RSTESPRÄK I NOREG EIT HISTORISK TILBAKEBLIKK

Samiske elevar kan i Noreg velja om dei vil ha samisk eller norsk som f0rstesprák i grunnskulen. I dag (2015) fár rundt 900 grunnskuleelevar oppl^ring i samisk som forstesprák i Noreg. Oppl^ringa i samisk som forstesprák er meint for dei elevane som brukar spráket heime og sáleis snakkar det godt f0r dei begynner pá skulen. I tillegg fár i overkant av 1000 grunnskuleelevar no oppl^ring i samisk som andresprák. Forutan desse til saman rundt 2000 elevane som fár samiskoppl^ring i Noreg, fár samiske elevar i grunnskulen slik oppl^ring báde i Sverige og Finland, og til ein viss grad i Russland.

Denne artikkelen ser berre pá historia til den samiske f0rstespraksoppíxringa, og da berre pá samisk f0rstespráksoppl^ring i Noreg.

Sidan 1990 har samisk vore eit offisielt sprák i Noreg ved sida av norsk som er majoritetsspráket i landet. Samisk sprák har s^rleg sterkt lovvern i ti kommunar der det tradisjonelt bur mange samar. Dei fleste samisktalande bur i det nordlegaste norske fylket, Finnmark, og i ein del kommunar i Finnmark er samane i fleirtal. Indre Finnmark utgjer eit sterkt kjerneomráde for samisk sprák, og ein stor del av dei elevane som har samisk som f0rstesprák pá skulen, bur i dette omrádet.

Kva er eit forstesprák?

I eit tilbakeblikk pá samiskoppl^ringa i Noreg kan det by pá visse vanskar á bruke termen f0rstesprák. Denne termen er relativt ny, han er f0rst og fremst nytta i skulesamanheng, og han signaliserer ei positiv oppfatning av fleirpráklegheit. Termen f0rstesprák f0reset at det er tale om det f0rste spráket, og at det difor minst eksisterer eit sprák til som eleven skal l^re. I dei offentlege l^replanane for den norske skulen var termen f0rstesprák brukt f0rste gong i m0nsterplanen for grunnskulen i 1987. Dette var ein plan for skuleverket i heile landet, men Undervisningsdepartementet hadde i tillegg laga ein del reglar som berre skulle gjelde for samiske elevar [14].

I skulefagleg samanheng erstatta termen f0rstesprák i 1987 den tidlegare termen morsmaí. Men korleis forstár vi kva som er ein elev sitt morsmál eller eventuelt f0rstesprák? Det finst mange mátar á n^rme seg dette sp0rsmálet pá. Forsking omkring tospráklegheit er utprega tverrfagleg, og dei forskjellige forskarane vil da gjerne n^rme seg fenomena pá ulik máte etter kva fag dei opphavleg kjem frá. Tove Skutnabb-Kangas sette i 1981 opp ei oversikt over korleis dei forskjellige faga oppfattar omgrepet morsmál. Ho seier der at morsmál kan vera det spráket som vi l^rte f0rst. Men det kan og oppfattast

1 Jon Todal, PhD, Professor, Sami University College (Norway). E-mail: Jon.Todal@samiskhs.no.

som det spráket som vi kan best. Ei anna oppfatning er at morsmálet eller f0rstespráket er det spráket som vi brukar mest, eller det kan vera det spráket som vi identifiserer oss med, eller som andre identifiserer oss som talarar av.

I einspráklege milj0 verkar gjerne ein slik diskusjon om innhaldet i ordet morsmál noksá meiningslaus. I einspráklege milj0 er det spráket som du l^rte f0rst ogsá det spráket som du kan best, det er samtidig det spráket som du brukar mest og dette (eine) spráket er ogsá det spráket som du identifiserer deg med. I fleirspráklege milj0 er det ikkje like enkelt. Der kan det godt vera slik at det spráket som du l^rte f0rst, seinare blir det spráket som du kan dárlegast. Det kan og vera at det spráket som du kan dárlegast, faktisk er det spráket som du brukar mest, og sá vidare i mange ulike kombinasjonar. Frá samisk milj0 veit vi og at folk kan identifisere seg sterkt med eit sprák som dei ikkje kan, eller som dei kan dárleg [16]. Etniske samar som ikkje kan samisk, kan difor likevel omtala samisk som morsmálet sitt.

I denne artikkelen brukar eg "undervisning i samisk som f0rstesprák" om den undervisninga som etter 1987 er gjeven etter fagplanar med namnet Samisk som f0rstesprak. Eg brukar altsá termen reint "skuleteknisk" om tida etter 1987. F0r 1987 ser eg derimot pá skulen sine tilbod i samisk for dei elevane som hadde spráket som heimesprak.

Kampen om modellane

Like lenge som vi har hatt ein grunnskule i Noreg, har det vore diskusjon og kamp om korleis skule og oppl^ring skulle organiserast for dei elevane som hadde samisk som heimesprák. I det f0lgjande vil eg sjá pá dette som ein kamp mellom ulike modellar for spráka norsk og samisk sin plass i skulen, der ulike grupper har hatt ulikt syn og ulike interesser.

Den britiske tospráklegheitsforskaren Colin Baker har utarbeidd ein typologi for tospráklege oppl^ringsmodellar i skulen. Han har delt inn dei modellane som faktisk er i bruk i fleirspráklege milj0 rundt om i verda, og han brukar fem kriterium for inndelinga si. Dei fem kriteria er (1) det spráklege málet for den oppl^ringa som blir gjeven, (2) det samfunnsmessige málet for oppl^ringa, (3) spráket i klasserommet, (4) kva elevgruppe modellen er meint for og (5) type av oppl^ringsprogram som dette gár inn som del av [1].

For betre á kunna samanlikne dei modellane som har vore brukt i sprákoppl^ringa av samiske elevar, skal eg her pr0ve á plassere dei inn i eit skjema som ser om lag likt ut som Baker sitt. Skjemaet er slik:

Figur 1

Programtype Spráket i klasserommet Samfunnsmál for opplsringa Sprákleg mál for opplsringa

Eitt av kriteria hos Baker er ikkje med i skjemaet her, det er kolonnen for kva elevgruppe oppl^ringa er tenkt for. Den kolonnen er det un0dvendig á ha med fordi alle modellane som eg skal sjá pá her, er (eller var), tenkte for elevar med samisk som f0rstesprák, eller for elevar med samisk heimesprák.

Fornorskingsperioden

Pä 1700-talet og forste halvdel av 1800-talet svinga den offentlege sprakpolitikken i skulen etter synet til dei ymse bispane. Nokon bispar var sv^rt positive til bruk av samisk i skule- og konfirmasjonsoppl^ringa, andre var heilt i mot. Skulen var pä denne tida i stor grad var ein kristendomsskule, difor kom spräksp0rsmälet i h0gste grad til ä vedr0re sp0rsmälet om folks frelse. Dersom kristendomsundervisninga skulle gjevast pä norsk, kunne presten eller l^raren ikkje vera sikker pä at elevane forstod noko, iallfall kunne ein ikkje vera sikker pä at dei forstod rett. Og om ein oppfatta kristendommen rett eller rangt kunne i f0lgje kyrkja fä alvorlege f0lgjer. Ein mätte sä ä seia velja mellom fornorskingspolitikk eller frelse som overordna mäl for oppl^ringa for samane.

Men pä midten av 1800-talet hadde dei norske styresmaktene bestemt seg, og det vart vedteke ä bruke skulen som ein reiskap til ä fornorske samane. Samisk spräk skulle ikkje ha nokon verdi i skulen. Denne politikken, som vart kalla fornorskingspolitikken, vart i praksis stäande i hundre är. I denne tida vart fornorskingspolitikken utdjupa og konkretisert gjennom skulelover, departementale instruksar og l^replanar.

Fornorskingspolitikken overfor samane er godt dokumentert hjä til d0mes Dahl 1957 og Niemi 1981. I desse to avhandlingane kan vi lesa bäde korleis styresmaktene tenkte i denne tida og kva tiltak dei sette i verk for ä nä mälet sitt om full fornorsking av samane. Og eitt av tiltaka var at all undervisning i skulane i dei samiske omräda i prinsippet skulle vera pä norsk. L^raren skulle passe n0ye pä at andre spräk enn norsk ikkje vart brukte i klasserommet meir enn det som var absolutt n0dvendig. I reknetimane skulle berre dei norske namna pä tala brukast, i songtimane skulle elevane syngje berre norske songar sj0lv när songane eller salmane ogsä fanst pä samisk, og sä vidare frä fag til fag. L^raren var og forplikta til ä halde fram overfor elevane kor viktig norsk var, dette skulle ho eller han ogsä innprente foreldra, og l^raren skulle heller ikkje utanom arbeidstida si snakke samisk med folk i bygda. Slik var l^raren forplikta til ogsä privat ä vise at norsk skulle vera det rädande spräket [11].

No er det slik at ein ting er kva styresmaktene 0nskjer ä oppnä med dei tiltaka dei set i gang, noko anna er kva dei som skal setja denne politikken ut i livet lokalt, oppfattar av han, eller bryr seg om ä oppfatte. Noko tredje er kva dei reint faktisk gjer i dei konkrete situasjonane og noko fjerde korleis det som faktisk skjer, päverkar dei som blir utsette for politikken. I värt tilfelle blir det da interessant ä sp0rja: Korleis oppfatta l^rarane rolla si som fornorskarar? Kva skjedde eigentleg rundt om i klasseromma ? Og kva innverknad hadde det som skjedde i klasseromma, pä spräket familiane og i bygda? Dette er sp0rsmäl som det er forska lite pä, og det mä vel seiast ä vera ein veikskap med dei to store avhandlingane som eg nemnde, at dei i sä liten grad dr0ftar desse forskjellige niväa. 100% effektiv kunne iallfall ikkje fornorskingspolitikkken ha vore när samisk framleis i är 2015 er daglegspräket for sä mange menneske.

Idealmodellen frä fornorskingstida, slik denne modellen var tenkt gjennomf0rt frä styresmaktene si side, kan vi setja opp som vist nedanfor. Eg kallar desse modellane idealmodellar her fordi dei ikkje seier noko om sj0lve gjennomf0ringa, berre om korleis oppl^ringa var tenkt.

Figur 2

Idealmodell for spräkoppl»ringa for samiskspraklege born i fornorskingstida

Programtype Spraket i klasserommet Samfunnsmal for opplsringa Sprakleg mal for opplsringa

Spräkdruknings-modell. Inga oppl®ring i samisk Norsk (med h0ve til samisk som hjelpespräk) Assimilering i det norske samfunnet Elevane skulle bli gode i norsk

När ein omtalar fornorskingsperioden i dag, forklarer ein ofte styresmaktene sine handlingar og meiningar med at dette var noko som "läg i tida". Dette var i imperialismen si glanstid, der europeiske stormakter grunngav maktpolitikken sin rundt om i verda med at dei skulle "sivilisere" dei "ville". Sosialdarwinismen stod sterkt med sine tankar om at dei ulike rasane ikkje var like sterke og ikkje like h0gt utvikla kulturelt. Redninga for dei smä og u-utvikla kunne da vera ä bli som "kulturfolka".

Noreg var eit lite land og inga imperialistmakt, men dei sosialdarwinistiske tankane stod likevel sterkt. Etter desse tankane var samane lite utvikla, medan nordmennene var eit h0gt utvikla kulturfolk. Sj0lv om dette synet stod sterkt, var dei likevel ikkje einerädande.

Ein av dei mest markante og velformulerte motstandarane av fornorskinga og den sosialdarwinistiske tenkinga var Per Fokstad (1890 - 1973). Han var ein l^rarutdanna same frä det nordsamiske kjerneomrädet. Han var oppteken bäde av politiske og pedagogiske sp0rsmäl, og offentleggjorde bäde ein del artiklar og skriftelege forslag medan han levde. Han hadde sin mest aktive periode i ei tid da den gamle samepolitiske r0rsla stod sv^rt svakt [13]. Det var difor fä milj0 som st0tta Fokstad i motstanden hans mot fornorskinga. Mykje av det som han stod for, vart stempla som heilt rabiat av dei mektige samtida. Men när vi i dag les det som per Fokstad skreiv, verkar det bäde rimeleg og moderne.

Her skal eg sjä n^rare pä eit framlegg frä Fokstad til skulemodell for samisktalande born. I 1924 sendte han inn eit forslag til det som heitte Denparlamentariskeskolekommisjon som akkurat da heldt pä med eit utkast til ny lov om folkeskulen for landsbygda i Noreg. I det lange og detaljerte brevet til kommisjonen gjorde Fokstad framlegg om eit eige samisk l^replanverk for dei samiske skulane. Han gjekk her inn for at alle fag skulle ha eit samisk innhald i dei samiske bygdene. Han skreiv til d0mes at elevane burde l^re joik og samiske salmar i musikkfaget, at naturfaget burde leggja vekt pä dei plantane og dyra som fanst i dei samiske omräda, i historiefaget mätte elevane fä l^re om samefolket si historie osv. Og han gjorde framlegg om at all undervisninga skulle vera pä samisk bortsett frä i norskfaget. Om matematikkfaget seier han:

Regneundervisningen gis pä samisk. L«reb0ker i regning b0r ha samisk tekst og tallbenevnelser. Regneopgavene mä legges sä n^r det praktiske liv i Finnmark som mulig. S^rlig mä det tas hensyn til flyttsamenes (fjellfinnenes) n^ringsliv, sä deres barn fär st0rre interesse for foreldrenes livsvirke [6].

Undervisning pä samisk skulle etter Fokstad si meining ikkje vera noko spesialpedagogisk tiltak for at elevane skulle forstä. Det skulle ikkje vera berre hjelpespräk.

Spräket skulle derimot ha ein verdi i seg sj0lv, og ogsä tospräklege elevar som forstod bäde samisk og norsk godt, skulle difor fä oppl^ring bäde i og pa samisk [6].

Fokstad sin alternative plan for oppl^ringa kan vi setja opp som vist i figur 3 under

Figur 3

Per Foksatd sin idealmodell for oppl%ringa for samiskspraklege born, lansert 1924

Programtype Spräket i klasserommet Samfunnsmäl for opplsringa Spräkleg mäl for opplsringa

Bevarings- og utviklingsmodell. Samisk spräk og innhald, med norsk som obligatorisk fag. Samisk Styrke elevane sin samiske identitet Tospräklegheit, med vekt pä samisk

Dette forslaget vekte sterk motb0r, for ä seia det mildt. Heile framlegget braut pa punkt etter punkt radikalt med den rädande norske skulepolitikken, og motinnlegga frä samtida sine mektige menn var direkte aggressive.

Skuledirekt0ren i Finnmark var sterkt i mot forslaget, og som motargument viser han mellom anna til kor läg moral det var blant samane i den skulekrinsen der f0rst underviste da han kom til Finnmark. «Men», skriv han:

...fra begynnelsen av nittiärene blev norske lerere ansatt i denne krets, og all oppl^ring har siden foregaatt pä norsk, kun med lappisk som hjelpesprog. Resultatet er at oplysningen blant folket har gjort et godt fremskritt og gjennemgaaende hersker det der nu god skikk og orden overalt [6].

Ikkje berre skuledirekt0ren var i mot forslaget frä Per Fokstad. Bäde Finnmark fylkesskolestyre, Aust-Finnmark l^rarlag, Vest-Finnmark l^rarlag, reinispekt0r Nissen og biskopen i Troms0 uttala seg alle som ein mot planforslaget.

Dermed vart alt ved det gamle. I praksis var alt ved det same fram til 1967. da skjedde det noko avgjerande nytt for dei elevane som hadde samisk som heimespräk.

Tida1967-1987

Under andre verdskrigen var Noreg okkupert av det nazistiske Tyskland. Etter krigen var det vanskelegare ä bruke sosialdarwinistiske (og rasistiske) argument i spräk- og skulepolitikken. Desse argumenta likna for mykje pä dei synspunkta som nazistane hadde forfekta. Men det gjekk likevel lang tid f0r det vart teke noko eigentleg oppgjer med den gamle fornorskingspolitikken. I 1967 skjedde det likevel noko nytt. Da begynte nokre barneskular i indre Finnmark ä gje f0rste skrive- og leseoppl^ring pä samisk til ein del f0rsteklassingar. Eg seier ein del f0rsteklassingar, for opplegget var frivillig.

F0rst i 1969 kom det inn ei setning i skulelova som opna for lokal vedtaksrett over spräket i skulen, da heiter det: "Born av foreldre som nyttar samisk som dagleg talespräk skal gjevast oppl^ring i samisk när foreldra krev det."

Da Per Fokstad i si tid argumenterte for ä omorganisere skulen i dei samiske omräda, vart han stäande noksä äleine med sine tankar. I 1960-ära var det fleire som säg det urimelege i at samiske elevar ikkje fekk det same skuletilbodet i sitt spräk som dei norske fekk i sitt. Professor Anton Hoem ved Universitetet i Oslo var ein viktig akt0r her. Gjennom si forsking päviste han at nettopp dette at samiske born pä den tida hadde därlegare skuleresultat enn norske. Og han hevda at dette ikkje var eit spräkproblem, men eit skuleproblem. Det varskulen som mätte forandrast, ikkje borna.

Inez Boon som pä 1960-talet var l^rar i det samiske kjerneomrädet, gjorde i 1964 ei studiereise i Europa der ho bes0kte fleire omräde med spräklege minoritetar i Nederland, Luxemburg og Wales. I ein artikkel i ärboka Samixllin konkluderte ho med at oppl^ringsmodellane i dei samiske omräda ikkje var i samsvar med moderne pedagogikk slik ho hadde studert det i andre europeiske minoritetsomräda. Skulen i Sameland sat fast i tankar og modellar frä 1800-talet. Vidare peikar ho pä at skulen ikkje var forma etter den verkelegespräksituasjonen i dei samisk omräda. Og ho gjorde framlegg om at skulen mätte ta omsyn til at borna faktisk hadde eit f0rstespräk, og at norsk var andrespräk for dei. F0rste lese- og skriveoppl^ring burde skje pä f0rstespräket, og andrespräket mätte sä tidleg som mulig bli eit fag for elevane, skreiv ho [2].

Da det kom ny m0nsterplan for grunnskulen kom i 1974, opna denne for at den praksisen som da alt hadde vore i gang i sju är i Indre Finnmark kunne halde fram. Den nye modellen som styresmaktene no vedtok, kan framstillast slik som vist i figur 4 nedanfor.

Figur 4

Idealmodell for spräkoppl%ringa for samiske born etter Monsterplanen fra 1974

Modelltype Spräket i klasserommet Samt'unnsmal for opplsringa Spräkleg mäl for opplsringa

Overgangsmodell. Samisk dei f0rste ära, norsk dei siste "Human" assimilering til det norske med utgangspunkt i det samiske Gode i norsk

Modellen braut med tidlegare offisielle modellar i og med at det no vart lovleg ä bruke samisk til meir enn hjelpespräk, og at dei elevane som hadde samisk som heimespräk no skulle fä l^re ä lesa og skrive pä det spräket i staden for pä norsk. Det er f0rst no i 1974 l^rarane med M0nsterplanen i hand kunne begynne med noko som kan kallast forstespr äkundervisning i moderne forstand.

Men styresmaktene var enno i 1974 forsiktige med ä seia at samisk skulle ha nokon verdi i seg sj0lv. Bruken av spräket skulle derimot lette anna l^ring, mellom anna norskoppl^ringa.

Tida fra 1987 til i dag

F0rst med den m0nsterplanen som kjem i 1987, blir samisk offisielt eit viktig fag som har ein eigenverdi. Og det er f0rst no - i 1987 - at omgrepet forstespräk blir brukt i ein fagplan for samiske elevar. Tospräklegheit blir no formulert som eit mäl for oppl^ringa.

Sidan sist det vart laga fagplanar (i 1974), hadde departementet râdd seg med eit eige fagrâd i samiske skulesaker, Samisk utdanningsrâd, med Sekretariat i Kautokeino. Dette râdet har nok spela ei viktig rolle nâr Monsterplanen frâ 1987 kom til â innehalde sâ mange og sâ store endringar.

Den nye modellen kan setjast opp i skjemaet slik som vist i figur 5 under:

Figur 5

Idealmodell for spräkoppl»ringa for samiskspraklege born 1987-1997

Programtype Sprâket i klasserommet Samfunnsmâl for opplœringa Sprâkleg mâl for opplœringa

Bevaringsmodell. Samisk sprâk og innhald, med norsk som obligatorisk fag Samisk Kunna fungere i to kulturar Funksjonell tosprâklegheit

Det skulle sä gä berre ti är f0r det kom ei stor skulereform med atter nye l^replanar. I 1997 vart da innf0rt eit eige samisk l^replanverk, obligatorisk for alle elevar i seks kommunar i Nord-Noreg. Denne reforma vart omstridd. I motsetnad til kva som var tilfelle pä Per Fokstad si tid, kom ikkje motstandarane mot samisk no f0rst og fremst frä skulestyresmaktene, men frä folk med norsk etnisk identitet i eit par av dei kommunane der det samiske l^replanverket vart innf0rt. Det vart og danna ein organisasjon som skulle motarbeide den nye norske urfolkspolitikken.

Mesta alle dei tankane om spräk og innhald i ein samisk grunnskule som Per Fokstad la fram i 1924, vart offisiell norsk politikk i 1997. Det tok 73 är ä fä gjennomslag. Men pä eitt punkt fekk Fokstad likevel ikkje gjennomslag. Fokstad tenkte seg at skulen skulle ha som overordna mäl ä styrkje elevane sin samiske identitet. Eit slikt mäl vart formulert ogsä for dei samiske l^replanane av 1997. Her heitte det "Oppl^ringen som helhet skal bidra til ä fremme samisk identitet". Dette var ein av dei formuleringane som det vart sterkast strid om etter innf0ringa av dei nye l^replanane i 1997, og departementet gav seg og strauk formuleringa etter at l^replanverket hadde vore i bruk ei tid.

Oppl^ringsmodellen frä 1997 kan setjast opp som vist i figur 6 nedanfor.

Figur 6

Idealmodell for spräkoppl%ringa for samiskspraklege born etter 1997

Programtype Sprâket i klasserommet Samfunnsmâl for opplœringa Sprâkleg mâl for opplœringa

Bevaringsmodell. Samisk sprâk og innhald, med norsk som obligatorisk fag Samisk (Styrkje elevane sin samiske identitet.)Seinare: Kunna fungere i to kulturar. Funksjonell tosprâklegheit

I 200б vart ei ny skulereform gjennomfort i Noreg, men denne reforma kom ikkje til â endre pâ modellen for forstesprâksopplœringa frâ 1997 som er vist ovanfor.

Mikroplanet

Denne artikkelen handlar om lover, reglar og planar for ä setja ein statleg politikk ut i livet. Eit interessant sporsmäl er korleis denne politikken er vorten gjennomford i praksis, og kva verknader han har hatt lokalt. Dette er eit omräde som det diverre er forska alt for lite pä. Her ligg ei utfordring til ny forsking bäde for pedagogar og historikarar.

Litteratur

1. Baker, C. (2001). Foundations of Bilingual Education and Bilingualism. Clevedon: Multilingual Matters.

2. Boon, I. (1967). Et nytt undervisningsopplegg for folkeskolen i de samisktalende

distrikter. I Samixllin/Sameliv. SamiskSelskaps Arbok VI. Oslo: 11 - 17.

3. Dahl, H. (1957). Sprakpolitikk og skolestell i Finnmark 1814 til 1905. Oslo : Universitetsforlaget.

4. Darnell, F. (red.) (1972). Education in the North. Selected Papers of the First International Conference on Cross-Cultural Education in the Circumpolar Nations and Related Articles. University of Alaska. Artic Institute of North America.

5. Darnell, F. og Hoem, A. (1996). Taken to Extremes. Education in the Far North. Oslo: Scandinavian University Press.

6. Den parlamentariske skolekoomisjon (1926). Utkast til lov om folkeskolen pa landet. Oslo: Det mallingske bogtrykkeri.

7. Eriksen, E. H. (red.) (1996). Sami oahpahusraddi 20 jagi. Guovdageaidnu: Sami oahpahusräddi.

8. Eriksen, K. E og Niemi, E. (1981). Den finske fare. Minoritetspolitikk i nord 1860-1940. Oslo: Universitetsforlaget.

9. Fokstad, P. (1926). Brev, dagsett 10.9. 1924, sitert i: Den parlamentariske skolekommisjon. Utkast til lov om folkeskolen pa landet. Oslo: Det mallingske bogtrykkeri. S. 103ff.

10. Idivuoma, L.S. (1986). Samisk eller norsk? Faktorer som pavirker samiske foreldres valg av undervisningssprak for sine barn. (Uprenta hovudoppgäve i spesialpedagogikk) Oslo: Statens spesiall«rarh0gskole.

11. Instruks angaaende brugen af lappisk og kv&nsk som hj&lpesprog ved undervisningen i folkeskolen hvor dette af Kirkedepartementet er tilladt i henhold til landsskolelovens paragraf 73,2 led. (1898). Kristiania: Kirkedepartementet.

12. Jahr, E. H. (1984). Talemalet i skolen. En studie av droftinger og bestemmelser om muntlig sprakbruk i folkeskolen (fra 1874 til 1925). Oslo: Novus forlag.

13. Jernsletten, R. (1986). Samebevegelsen iNorge. Ide ogstrategi 1900- 1940. (Uprenta hovudfagsoppgäve) Institutt for samfunnsvitenskap. Troms0: Universitetet i Troms0.

14. Monsterplan forgrunnskolen. (1987). Oslo: Aschehoug.

15. Normalplan forlandsfolkeskulen. (1939). Oslo: Aschehoug.

16. Skutnabb-Kangas, T. (1981). Tvasprakighet. Lund: Liber läromedel.

17. 10-jagi vuoddoskuvlla sami oahppoplanat. (1997). Oslo: Gonagaslas girko-, oahpahus- ja dutkandepartementa.

i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.